Kommende arrangementer

{{ event.content || "" }}

Start: {{ event.start || "" }}
Slutt: {{ event.end || "" }}
Hvor: {{ event.place || "" }}
Beskrivelse:
{{ event.description || "" }}

Bli med

For å bli med i Skeivt Opprør, er det bare å komme på arrangementer, og være aktiv. Vi har interne møter, og for å få bli med på dem, må noen gå god for deg. Vi tar opp nye i intern kommunikasjon og interne møter etter konsensusbasert diskusjon på møter.

Kven er vi

Skeivt Opprør er eit miljø og ei rørsle, framfor ein organisasjon.
Det har vori ei moglegheit for skeive aktivistar å stande saman mot assimilasjonen, homonasjonalismen og regnbogekapitalismen som pregar den mainstreame priderørsla. Grasrotsgruppa vår er bygd på prinsipp av antirasisme, antitransfobi og antikapitalisme, og idéen av skeiv gjensidig hjelp og solidaritet.

Vi organiserer oss til skeiv kamp, ved at engasjerte skeive radikale aktivistar går saman og bråkar og gjer opprør. For at noko skal skje, treng vi altså at folk kjem med innsats og hjelper til. Det er altså ikkje basert på styre eller medlemskap.

Det heile starta med at nokre av oss slappa av ved marinen ein vårdag 2020, og ville prøve oss på ukommersiell pride, framfor at vi hadde eit landsmøte og typiske foreiningsvedtak. Det er mange som vart med på organiseringa. Vi berre spurte om folk blei med på å laga nokre flagg og om folk ville halde appell. Vi fekk lov til å låne bokkaféen på Svartlamon til å ordne ting for det som etterkvart vart Skeive Opprørsdagan. Detta viser berre at det handlar om å gjera noko, og ikkje berre tenke på å organisere seg på teoretisk nivå. Vi har klart i fellesskap å engasjere oss, lære oss og lære bort, og klart å bygge ei skeiv radikal rørsle, bygd på sosialistiske, feministiske, antirasistiske, grøne, antiimperialistiske og anarkistiske prinsipp.

Vi bygger på prinsipp av direktedemokrati. Vi skipar møte, der aktivistar kjem med forslag og idéar, og så kjem andre med sine forslag og idéar attpåtil. Vi kjem alltid fram til løysningar og folk fær koma inn med ord i kva vi skal gjera. På denna måten er vi alle med som organiserte og skeive radikale aktivistar, utan at vi har sentralstyre og organ å forhalde oss til. Skeivt Opprør er altså eit forum for å organisere seg, koma med refleksjonar, gjera aksjonisme, vise solidaritet og å bli høyrd som skeiv. Opp i alt detta, har Ivar Matlaus-bokkafé på Svartlamon vori ein fantastisk ressurs for oss. I tillegg har mange av våre aktivistar fengi si plattform til å ytre seg om skeive saker i Bråkmaker’n. Engasjementet for skeiv tematikk er så stort at vi til slutt må hava med eit kompendium i tillegg til den skeive utgåva i 2021.

Vi er stolte, sinte, glade, og til tider både rare og perverse, og det ryktest at vi er både pøblar og folkefiendtlege! Detta er i alle fall titlar eg stend sterkt ved. Vi er rett og slett ein gjeng med bråkmakarar!

Tilgjengelighet

De fleste av Skeivt Opprørs arrangementer foregår på Ivar Matlaus bokkafe. Vi har en rullestolrampe til inngangen, men toalettet har trinn for å komme inn og en smal innvendig dør. Toalettet er relativt lite, men ikke knøttlite. Enkel, kjønnsnøytral bås.

Skeive Opprørsdagan

28.juni - 3. juli 2022

Skeivt Opprør ønsker velkommen til Skeive Opprørsdagan 2022!

Mer info kommer :)

Historie

Det braka laus i juni i 2020. Det var då den radikale skeive rørsla i Trondheim verkeleg byrja å organisere seg. Skeive Opprørsdagan i 2020 var in stor suksess. Vi klarte å samle oss, hava mange diskusjonar om skeiv aktivisme, vi laga våre eigne flagg og fekk produsert buttons med radikale og solidariske bodskap. Det heile akkumulerte i at vi hadde ei stor markering av Stonewall-opprøret. Skeive opprørsdagan blei og organisert i 2021, med stor suksess.